fredag 20. november 2009

Skilnad i definisjon på digital kompetanse

For meg vert ulikheitene mellom Søby, Erstad, Krumsvik og Baltersen sine definisjonar på digital kompetanse ganske akademiske. Dei er alle opptekne av haldningar og kva ein treng i det moderne digitale samfunnet, men eg ser jo at dei vektlegg IKT som verktøy litt ulikt og at det vert feil om ein berre fokuserar på ferdigheiter i staden for å få danning og haldningar som ein treng i samfunnet. Her er mi korte oppsummering av kva dei fire herrane står for:

Søby - pyramide opp til haldningar
Erstad - ferdigheiter, kunnskap og haldning for mestring i det lærande samfunnet
Krumsvik - sjølbevisstheit og digital kompetanse, danning
Baltzersen - pyramide opp til digital danning

I tillegg burde ein ta med Karlsen og Wølner som fokuserar meir på verktydelen enn dei fire som var tema for oppgåva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar