fredag 20. november 2009

Aksept for elevane sin mediekultur i skulen

Som PPU-student har eg litt begrensa kunnskap om kva som skjer i praksis i skulen, men det er interessant å sjå kva som skjer så snart elevene slepp til på datamaskinene. Dei er snare til å opne you tube, facebook og liknande. Dei er også ivrige på å fotografere/filme med mobiltelefonen sitt kamera. Vi vaksne ser generelt på dette som mindreverdig i motsetnad til vår bruk av media som er meir seriøs med "ordentlege" filmar, lange artiklar, teknisk betre bilete og liknande. Lærarar må verte flinkare til å dra elevane sine kunnskapar inn i skulen. Eit døme eg har vore borti er eit filmprosjekt der elevane i niande klasse i Volda lage tilsaman 15 filmsnuttar på 5 minutt frå kommunen sin som vart sett saman til ein kinofilm som heiter Volda Rundt. Lærarane følte at det var rimeleg kaotisk i prosjektveka og det kan nok organiserast betre. Elevane må til dømes hjelpast til betre å forstå at dei må sørge for å tinge kameratid slik at dei har kamera når dei har tenkt å filme, men med støtte frå elevar frå vidaregåande skulen i Volda vart det film, sjølv om dette var eit område som lærarane har liten kompetanse på.
Eit anna døme er at elevane gjerne finn fram på You Tube til illustrerande klipp om dagens tema som gjerne er vel så god undervisning som den læraren kan prestere.
Konklusjonen som truleg ikkje er så overraskande i eit fag som DKL er at det nok er rom for å ta elevane sin mediekompetanse meir på alvor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar